Ac-service og rens av klimaanlegg

Aircondition service

Ved å ta ein airconditionservice på bilen din, vil ein unngå vond lukt når det er kaldt, og oppnå god kjøling på varme sommarsdagar.

Ved ein slik service tappar vi det som er av gass på bilen, sjekkar for lekkasje, og fyller på rett mengde att.

Dersom det kan vera lekkasje i systemet, har vi sporingsstoff som vi fyller på, for å kunne lokalisera lekkasjen.

Rens av klimaanlegg

I bilens klimaanlegg er det ideell grobotn for  bakteriar og sopp. Dette kan føre til allergiplagar og dårleg lukt for dei som sit i bilen.  Ved rensing av eit klimaanlegg set vi inn eit apparat som renser, samt drep bakteriar, ved bruk av eit spesialstoff berekna nett for denne jobben.