Dimmelsvik Bil fekk målblomen 2018!

Det er ikkje enkelt i dagens samfunn å halde på nynorsk som målform. Det kan fort snika seg inn nokre bokmålsgloser og feil oppsett av setningar i ei oversetjing frå bokmål. Vi er difor audmjuke, og grådig stolte, for at nett vår bedrift skulle få målblomen av Kvinnherad Mållag.

Vi er takksame, og skal gjera det vi kan for å vidare halde på nynorsk.

Grunngjevinga gjekk på:

  • Dimmelsvik Bil nyttar Nettstaden Standard Toyota, men med nynorsk som målform
  • Dimmelsvik Bil brukar Standard Toyota skiltplan på nynorsk, truleg som den einaste Toyotaforhandlar i landet
  • Dimmelsvik Bil lagar sine eigne papirannonser på huset på nynorsk.
  • Digitale annonser frå verkstaden vert laga av Dimmelsvik Bil  på nynorsk. Dette gjeld både banner og søk. Det same gjeld digitale annonser bilsal.
  • Facebooksida vert adminstrert og skriven på nynorsk. All annonsering på Facebook er på nynorsk
  • All skriftleg kommunikasjon, som verksemda har påverknad på, vert skriven på nynorsk